Header

For det som ein gong var

Til nynorsk ved Hartvig Kiran

Skal gamalt venskap kverva bort,
og ikkje setja far?
Skal gamalt venskap kverva bort,
og det som ein gong var.

Ref: For det som ein gong var, min ven,
for det som ein gong var.
Eg drikk den gode skål med deg,
for det som ein gong var.

Du tek ditt staup og eg tek mitt,
som gamle vener plar.
Me drikk den gode skål i lag,
for det som ein gong var

Kom, ta mi hand, min trugne ven,
og gjev meg di til svar.
Eg byter vin og glas med deg,
for det som ein gong var