Header

Ålfotsongen

Av Martha Myklebust

Du vesle bygd mellom høge fjell,
der elvar brusar og fossar fell.
Med skjer og holmar i blåe fjord,
du vart den heimen vi fekk på jord.

I ly av Kårnykens bratte vegg,
der gror det åre og rogn og hegg.
Og furuskogen han tek seg fram,
opp etter Nakken sin breie barm.

Og over fossen som borte er,
ein arm av blåbreen auga ser.
Og bjørkeskogen veks tett og stor,
frå øvste skaret og ned til fjord.

Ja, du vart heimen til far og mor
her braut dei åker og rydja jord.
Om arbeidsdagen var lang og hard,
vel nøgd med livet dei oftast var.

Som samlingsmerke står kyrkja her.
Ho både lita og einfeld er.
Men her har ættledd gått ut og inn,
og her vi band til vår fortid finn.

Vi kjenner takksemda bryt i barm.
Her fekk vi næring for and og arm.
Det var så trygt å få veksa opp,
her under Gjegnalunds kvite topp.

So ynskja vil vi kvar kvinn(e) og mann,
som mellom fjella sin heimstad fann.
Må Herren verne om bygda vår,
så fred og lukke i framtid rår.