Header

Morgon på Kobbeskjeret

Av Jakob Sande

Morgon på Kobbeskjeret,
morgon for frie menn.
Takk for det fine veret,
høgt oppi himmelen!

Måsen sin frukost veidar,
gauken i lia gjel.
Sjølv sit eg lur og seidar,
over ein koparkjel.

Måsen har sitt i vente,
spralande sild i stål.
Eg har ei vakker jente,
innfor mitt siktemål.

Urter i kjelen osar,
røyken mot målet dreg.
Lokkar so fint og losar,
jenta den rette veg.

Kanskje ho nett no kjenner,
angen av alt som gror
den som dei visse menner
førde der fram dei for?

Oppfyll på same måten,
kallet som når deg no!
Salv deg, hiv deg i båten,
bind opp ditt skjørt og ro !

Nyvaska, fin og fjelga,
kjem du med sjø for stamn.
Namnet ditt vere Helga;
helga i Herrens namn!