Header

Nordmannen

Av Ivar Aasen

Mellom bakkar og berg ut med havet
heve nordmannen fenge sin heim,
der han sjølv heve tuftene grave
og sett sjølv sine hus oppå deim.

Han såg ut på dei steinete strender
det var ingen, som der hadde bygt.
«Lat oss rydde og bygge oss grender,
og so eigde me rydningen trygt.»

Han såg ut på det bårute havet;
det var ruske å leggja ut på;
men der leikade fisk ned i kavet,
og den leiken den ville han sjå.

Fram på vinteren stundom han tenkte:
Gjev eg var i eit varmare land!
Men når vårsol i bakkane blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.

Og når lidene grønkar som hagar,
når det lavar av blomar på strå,
og når neter er ljose som dagar,
kan han ingen stad venare sjå.