Header

Kallen og katten

Av Jakob Sande

Han Simo i Støa og katten
var mette av alder og år,
og båe var redde for vatten,
og båe var mest utan hår.
Og alt medan åra tok ende
so tenkte vel kallen med seg,
at her var det tryggast, kanhende,
å fyrst sende katten i veg.

Han prøvde med mange slags greier
frå oljen i pipa til kniv,
men etter som røynde folk seier
har katten fleirfoldige liv.
Han gjorde sitt yttarste, kallen,
på det å bli katten sin kvitt,
til dess han fekk sett seg i skallen
å prøve med blank dynamitt.

Han kjøpte patrona på bua
med lunte av likaste sort,
og rusla so heim i den trua
at no var det endeleg gjort.
So henta han katten i hagen
og surra med skjelvande hand
patrona på plass under magen
med tridubbelt snøsokkeband.

Han sprang i det same han tende
og skolv endå lunta var lang,
men rekna kje med kva som hende
då katten fekk sjå kor han sprang.
For best som han redd rende frå han
som kua i stivbeint galopp,
var katten i hælane på han
og dansa med lystige hopp.

Og kallen vart meir og meir fælen
di meir han såg katten vart kåt,
og katten vart meir og meir kjælen,
di løgnare kallen for åt.
Han sprang som ein ungdom på atten
og skamtrakka vokstarleg gras,
so ingen kan undrast at katten
fann ut det var mykje til stas.

Og kallen låg flat etter reina,
han heldt seg for bringa og bles,
med katten på sprang millom beina
og lunta i rykande fres.
Og lunta vart kortar’ og kortar’
− han kjende det meir enn han såg,
og kallen sprang fortar’ og fortar’
med kurs for ei løe der låg.

Og det var han Simo i Støa,
tilårskommen, hjulbeint og rund,
han kappsprang med døden mot løa
og slo han med knapt eit sekund.
For midt under hardaste taket
smatt Simo fortumla i ly,
og nett i det same kom braket,
so moldspruten stod som ei sky.

Og døra og litt ut av veggen
dreiv saman med dunder og brak,
og somt fauk i låra og leggen,
men verst vart han skamfaren bak.
Og doktor vart bodsend og presten,
og kallen vart plåstra og smurd
so pass han stod oppatt på resten,
men katten vart aldri meir spurd.